Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

mandag 29. november 2010

Julemarknad 4. & 11. desember + Quiltemagasinet

Lærdal husflidlag held fram med å ha julemarknad i "Gamle Kiwi" - Øyraplassen 5 - dei komande laurdagane frå kl 10-16.00
Ynskjer du å delta på ein eller begge laurdagane, ta kontakt med styret - sjå lista til venstre eller Karin 95479779eller Anne Kari  91584393eller nokon av dei hine i styret, sjå lista i vestre margen!

Elles er det aller nyaste Quiltemagasinet på plass i Eldhuset!

lørdag 27. november 2010

Husfldslaget er klar med JULEMARKNAD på "Gamle Kiwi"!




Adventslaurdagane 27.11, 4.12 og 11.12 er det ope klokka 10-16.00

og søndagettermiddagen 28.11. klokka 14-18 .00

Julemarknaden er på "Gamle Kiwi" - og ikkje i lagshuset!

Husflidsprodukt og gode julekaker!
Kaffi og vafler!

Elles er det sal av ulike produkt frå lag og organisasjonar, privatpersonar og firma som Jerikobui og Brukthandelen.no.

Her er artikkelen på Porten om julemarknaden til husflidslaget.

Adressa til "Gamle Kiwi" er Øyraplassen 5, mellom Lindstrøm og rådhuset om du ikkje er lokalkjent!

mandag 15. november 2010

Adventslaurdagar - førjulsmesse på Gamle Kiwi

Adventslaurdagane er 27.11, 4.12 og 11.12  er det ope klokka 10-16.00
og søndagettermiddagen 28.11. klokka 14-18 .00

- når lysmessa i kyrkja over er fakkeltog til julegrantenninga ved Rådhuset første sundag i advent -


Artikkelen på Porten - husflidslaget er klare!


Ynskjer du å selge eigne varer
eller å levere til husflidslaget slik at laget sel for deg -

ta kontakt med styret v/Karin Haugen Hamre eller Anne Kari Hagen
eller via e-post laerdal.husflidslag@gmail.com

Handarbeidskafe på De heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Denne meldinga er komen frå Sogn Bunadsnettverk:

Hei alle tekstilsvoltne!

Onsdag 17 november er det ny handarbeidskafé på museet kl 19.00,
jfr omtale og annonse i Sogn Avis.

Temaet denne gong er

”Perlenett/perledekor på tekstil”.

Program:
· Innleiing med teori og nokre døme
· Presentasjon av tekstil med perler frå samlingane
· Gjennomgang av private perlearbeid
· Framvising av materialpakke
· Loddsal og museumskafé

Museumsbutikken er open under samlinga.

Har du eldre perlearbeid heime er det flott om du kan vise dei fram.

Velkomen – og ta gjerne med deg dine tekstile vener!

Sogn Bunadnettverk
v/Siri Benjaminsen


Her er lenkja til museet si side!

sjå også meldingane på Årdal husflidslag si side
BenteO. skal - er det fleire som vil vere med er det berre å melde!

søndag 7. november 2010

I dag er det søndagsskule! -

Det vert messe i gamle Kiwi tre laurdagar 27.11, 4.12 og 11.12 + under opninga av julegata 28.11 og ikkje desember som det så greitt var skrive først!

Husflidslaget treng fleire til å bidra med til dugnaden desse dagane.
Ta kontakt med styret om de har varer for sal!

fredag 29. oktober 2010

Søndagsskulen er utsett til 7.november!

Jorunn er sjuk - men melder om at ho skal vere klar neste søndag!

torsdag 21. oktober 2010

Søndagsskule i Eldhuset 31.oktober kl 11.00 - utsett til 7.november!

Jorunn kallar inn til søndagsskule - T-lyspose/snopepose eller "trådpose"

Påmelding til Jorunn om du ynskjer å delta - 480 34 007
Anny låner vekk ein stoffkoffert og Jorunn sørger for at utstyr som trengs er tilgjengeleg!
 - men har du stoff du ynskjer å bruke så ta det med!

onsdag 20. oktober 2010

Ove var rette mann til kortversjon av kurs i sølving på Kids Club - oppfølging frå sommarbesøket i 2004!

Leiinga på Kids Club møtte opp på Rådhuset i Jeriko for å fortelje at Tatjana og co trong hjelp til sølving med det utstyret som dei fekk frå Lærdal husflidslag 2004.

Flott då at ein av dei 45 på tur i regi av Vennskap Jeriko - Lærdal for å feire Jeriko i Palestina sitt 10.000 årsjubileum, kan sølve og kan lære frå seg!
Vi kjem til å sende ei oversetjing og forklaring på engelsk til dronninglenkja.

Dei fekk nytt mot då dei høyrde at det første Ove laga var dronninglenkja han framleis har på høgrehanda!



torsdag 16. september 2010

Husflidslaget gjer seg klar til haustmarknaden - siste helg i september!

Styret melder om at straumutgiftene sist vinter var store, og ynskjer å få hjelp frå huseigar med å gjere bygget mindre trekkfyllt. Jorunn er klar for søndagsskule - sying enten 31.oktober eller 7.november?

Laila og Gerd vil ha glasskurs i november, etter førespurnad frå Årdal, då vert det eit kurs for "IKKJE- medlemmer".

TEMAKVELDAR med  sølving, nålefilting og kort
Styret ber om forslag om kva du har lyst å læra…
og fortel at det er klare for litt ommøblering, sidan to av salsbenkane ikkje lenger skal nyttast i Eldhuset -
den eine fordi eigaren ville ha den med til Sørlandet - og den andre fordi den snart ikkje heng i hopes lenger.


Under Haustmarknaden vert det sal av vafler og kaffi i tillegg til ulike husflidsvarer,
har du noko du ynskjer å selge - gje melding til styret.

Bygdekvinnelaget fekk kr 5000 i tilskot til brudekrone

På styremøtet 25.05. vedtok Lærdal husflidslag å støtte Lærdal Bygdekvinnelag sitt kjøp av brudekrone.

medan vi ventar på bilde av brudekrona låner vi litt anna illustrasjon  - brud frå Lærdal - frå digitaltmuseum.no

torsdag 17. juni 2010

Nyoppussa nabo - snart klar til marknads!

Stort bilete av scene og Eldhuset for å vise kva endringar som har skjedd siste vekene -
i kveld vert Eldhuset gjort om til butikk som vanleg til marknads -
varer ferdig i siste liten - det er berre å møte opp!

onsdag 16. juni 2010

Snart klar til marknads! - torsdagskvelden ommøblerer vi!

Nærleiken til Lærdalsmarknaden gjer til at vi naturlegvis har ope laurdag og søndag komande helg! Her er programmet!
Fredagen har vi ikkje ope!

fredag 11. juni 2010

Gladmelding til glasarar og saumarar!

Meldingar frå glasomnbutikken tilseier at det er omleggingane av straumen i nærområdet som har gjort til at omnen ikkje verkar, det har truleg vore for lite "straum inn"! Glasarane kan gle seg til arbeidet er ferdig!

Saumarane kan gle seg over at Quiltemagasinet er kome!