Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

torsdag 16. september 2010

Husflidslaget gjer seg klar til haustmarknaden - siste helg i september!

Styret melder om at straumutgiftene sist vinter var store, og ynskjer å få hjelp frå huseigar med å gjere bygget mindre trekkfyllt. Jorunn er klar for søndagsskule - sying enten 31.oktober eller 7.november?

Laila og Gerd vil ha glasskurs i november, etter førespurnad frå Årdal, då vert det eit kurs for "IKKJE- medlemmer".

TEMAKVELDAR med  sølving, nålefilting og kort
Styret ber om forslag om kva du har lyst å læra…
og fortel at det er klare for litt ommøblering, sidan to av salsbenkane ikkje lenger skal nyttast i Eldhuset -
den eine fordi eigaren ville ha den med til Sørlandet - og den andre fordi den snart ikkje heng i hopes lenger.


Under Haustmarknaden vert det sal av vafler og kaffi i tillegg til ulike husflidsvarer,
har du noko du ynskjer å selge - gje melding til styret.

Bygdekvinnelaget fekk kr 5000 i tilskot til brudekrone

På styremøtet 25.05. vedtok Lærdal husflidslag å støtte Lærdal Bygdekvinnelag sitt kjøp av brudekrone.

medan vi ventar på bilde av brudekrona låner vi litt anna illustrasjon  - brud frå Lærdal - frå digitaltmuseum.no