Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

fredag 29. oktober 2010

Søndagsskulen er utsett til 7.november!

Jorunn er sjuk - men melder om at ho skal vere klar neste søndag!

torsdag 21. oktober 2010

Søndagsskule i Eldhuset 31.oktober kl 11.00 - utsett til 7.november!

Jorunn kallar inn til søndagsskule - T-lyspose/snopepose eller "trådpose"

Påmelding til Jorunn om du ynskjer å delta - 480 34 007
Anny låner vekk ein stoffkoffert og Jorunn sørger for at utstyr som trengs er tilgjengeleg!
 - men har du stoff du ynskjer å bruke så ta det med!

onsdag 20. oktober 2010

Ove var rette mann til kortversjon av kurs i sølving på Kids Club - oppfølging frå sommarbesøket i 2004!

Leiinga på Kids Club møtte opp på Rådhuset i Jeriko for å fortelje at Tatjana og co trong hjelp til sølving med det utstyret som dei fekk frå Lærdal husflidslag 2004.

Flott då at ein av dei 45 på tur i regi av Vennskap Jeriko - Lærdal for å feire Jeriko i Palestina sitt 10.000 årsjubileum, kan sølve og kan lære frå seg!
Vi kjem til å sende ei oversetjing og forklaring på engelsk til dronninglenkja.

Dei fekk nytt mot då dei høyrde at det første Ove laga var dronninglenkja han framleis har på høgrehanda!