Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

mandag 29. november 2010

Julemarknad 4. & 11. desember + Quiltemagasinet

Lærdal husflidlag held fram med å ha julemarknad i "Gamle Kiwi" - Øyraplassen 5 - dei komande laurdagane frå kl 10-16.00
Ynskjer du å delta på ein eller begge laurdagane, ta kontakt med styret - sjå lista til venstre eller Karin 95479779eller Anne Kari  91584393eller nokon av dei hine i styret, sjå lista i vestre margen!

Elles er det aller nyaste Quiltemagasinet på plass i Eldhuset!

lørdag 27. november 2010

Husfldslaget er klar med JULEMARKNAD på "Gamle Kiwi"!




Adventslaurdagane 27.11, 4.12 og 11.12 er det ope klokka 10-16.00

og søndagettermiddagen 28.11. klokka 14-18 .00

Julemarknaden er på "Gamle Kiwi" - og ikkje i lagshuset!

Husflidsprodukt og gode julekaker!
Kaffi og vafler!

Elles er det sal av ulike produkt frå lag og organisasjonar, privatpersonar og firma som Jerikobui og Brukthandelen.no.

Her er artikkelen på Porten om julemarknaden til husflidslaget.

Adressa til "Gamle Kiwi" er Øyraplassen 5, mellom Lindstrøm og rådhuset om du ikkje er lokalkjent!

mandag 15. november 2010

Adventslaurdagar - førjulsmesse på Gamle Kiwi

Adventslaurdagane er 27.11, 4.12 og 11.12  er det ope klokka 10-16.00
og søndagettermiddagen 28.11. klokka 14-18 .00

- når lysmessa i kyrkja over er fakkeltog til julegrantenninga ved Rådhuset første sundag i advent -


Artikkelen på Porten - husflidslaget er klare!


Ynskjer du å selge eigne varer
eller å levere til husflidslaget slik at laget sel for deg -

ta kontakt med styret v/Karin Haugen Hamre eller Anne Kari Hagen
eller via e-post laerdal.husflidslag@gmail.com

Handarbeidskafe på De heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Denne meldinga er komen frå Sogn Bunadsnettverk:

Hei alle tekstilsvoltne!

Onsdag 17 november er det ny handarbeidskafé på museet kl 19.00,
jfr omtale og annonse i Sogn Avis.

Temaet denne gong er

”Perlenett/perledekor på tekstil”.

Program:
· Innleiing med teori og nokre døme
· Presentasjon av tekstil med perler frå samlingane
· Gjennomgang av private perlearbeid
· Framvising av materialpakke
· Loddsal og museumskafé

Museumsbutikken er open under samlinga.

Har du eldre perlearbeid heime er det flott om du kan vise dei fram.

Velkomen – og ta gjerne med deg dine tekstile vener!

Sogn Bunadnettverk
v/Siri Benjaminsen


Her er lenkja til museet si side!

sjå også meldingane på Årdal husflidslag si side
BenteO. skal - er det fleire som vil vere med er det berre å melde!

søndag 7. november 2010

I dag er det søndagsskule! -

Det vert messe i gamle Kiwi tre laurdagar 27.11, 4.12 og 11.12 + under opninga av julegata 28.11 og ikkje desember som det så greitt var skrive først!

Husflidslaget treng fleire til å bidra med til dugnaden desse dagane.
Ta kontakt med styret om de har varer for sal!