Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

onsdag 7. desember 2011

Strikkekafe hjå Huldra i Flåm & Storytellerkjolen!



Denne meldinga kom på Fjesboki for ei god veke sidan - og vi syntest dette måtte vere eit fint høve til å vitje Huldra! Vi melde oss på - hadde kaffi i termokoppane men lefseklingen let vi vere igjen heime, - det var gode julebrød og kaker på strikkekafeen - så det sto ikkje på!

Trykk her - og du kjem til Fjesboksida til Huldra Husflid og Kunsthandverk

Torill Bruvik og Wenke Bakketun opna Huldra i Gamle samvirkelaget i Flåm sist sommar.
Dei held ope tirsdagar, torsdagar og laurdagar eller andre ettermiddagar etter avtale.

Dei fortalde at dei hadde ommøblert ein del for å få plass til så mange strikkedamer.
Mykje lekkert strikkegarn frå Du store Alpakka, Telespinn, Hillesvåg og Solberg.
Naturlegvis også strikkeutstyr og syutstyr og bøkene til Signe Olaug Pedersen.
Elles plasert rundt om i dei to romma var det glaskunst av aurlendingen Merete Rein, keramikk av Linda Lid frå Voss og porselen av Sarah Reed i Bergen, smykke frå Kristin Selboskar, oppvaksen i Aurland - og dei fortalde om ynskje om endå fleire leverandørar av kortreiste produkt.

Jorun Barane frå Jord- og hagebruksskulen fortalde om Storytelleren (historieforteljaren) Sue Reed og Storyteller-kjolen  - eit strikkeprosjekt med inspirasjon frå ein kjole i hønsestrikk (frå Rosendal?)

Storytellerkjolen er utstilt hjå Huldra.

Kvar mønsterrapport hadde si eiga forteljing som vart til når Sue var ute og reiste - med inspirasjon frå andre mønster eller landskap eller motiv som kjenneteikna eit område.
Alt er dokumentert i ei bok som fyl med kjolen - i den kan alle som ynskjer skrive ei melding når dei har vore innom Huldra og kanskje også spøta litt på spøtet som ligg klart i ei korg.
Eit spanande prosjekt - som fortset!

Det vart ikkje notert etterkvart, så her er det rikeleg høve til å melde frå om endringar som bør gjerast!

Glaskunsten med blitz var ikkje heilt heldige - og dei fine smykka var ikkje tekne bilete av i det heile! Dette er bileta frå den hyggelege kveldsstunda på Lunden i Flåm og litt har eg lånt frå fjesboksida til Huldra.

Det var trangt på strikkekafeen - bamsar var laga av ei av husflidsdamene
Torill og Wenke
Mange spøtedamer



Garn - fargerikt - tynt og tjukt - mjukt og sterkt...
Alle garnsortane er strikka i minst eit produkt...
Blomstrande porselen

Denne hjartejenta eller hjartehuldra må representere all den fine keramikken - ein kan sjå ein del av produkta på spøtedamebileta...
Bomullsklutar og heimelaga såper.
Storytellerboka og spøtet
Anne Kari med kjolen - spøtet og boka oppslått på ei Rosendalside
Inspirasjonen og resultatet
Barneteikningar
Garnkrokar til vandrande strikkarr - også kjent for noko som haugianarane gjorde på reisene sine

Førebels siste side - 4.desember 2011.
Lånebilete frå Huldra si Fjesbokside: - smykke
& Huldra i glas.
























fredag 2. desember 2011

Julemesselaurdag 3.desember

Siste julemesse for i år - laurdag 11-16.00

Sogn avis nyttar bileta av dei vakre julekakene om Julemessa på nett - skrivefeila er ikkje SA sine!

søndag 27. november 2011

Julemessesøndag

Her er artikkelen på Porten
og her er lenkja til fotogalleriet.

lørdag 26. november 2011

Julemesselaurdag

Vi ynskjer hjarteleg velkomne attende søndag 15-18
og neste laurdag 3.desember 11-16!