Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

mandag 28. mars 2011

Søndagsskule med Jorunn - 3.april - har du meldt deg på?

Jorunn har funne fram oppskrifta til ein løpar som introduksjon til lappesaum for dei som ikkje har prøvd det før.
Elles reknar ho med at dei som vil halde fram med påbegynte prosjekt eller setje igong nye prosjekt, tek med seg dei.
Kofferten frå Sy- og strikkebui er klar til helga!
Har du symaskin - ta den med på søndag!

Jorunn er på Eldhuset på torsdag 31. mars og orienterer meir då!

- påmelding til Inga 40225540

SMØYG - Handarbeidskafe på onsdag 30.mars på museet på Kaupanger!

Onsdag 30 mars kl 1900 vert det ny handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum i samarbeid med Sogn Bunadnettverk. Temaet denne gongen er smøyg som er ein eldgamal saum- og dekorteknikk.
Smøyg, og kalla vevsaum eller glitt, er brukt på fleire tekstil ein kan finne i museet sine samlingar, til dømes på dåpstøy og bringeduk. Saumteknikken finn ein oftast på klede/tekstil med seremoniell funksjon. Middelaldertekstilet Huldreduken frå Årdal har smøygsaum. I nokre tekstil er smøyg kombinert med andre sting t.d holbeinsting. Det kan ein finne på dåpstøy frå Sogn.

På handarbeidskafeen vil Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk gi ei innføring i smøygsaumen. Det vert teke fram tekstil med smøyg frå museet sine samlingar. Det er til møtet laga ei materialpakke i smøygteknikk som ein kan kjøpa for å øva seg på saumen.

I tillegg vert det utlodding, museumsbutikken er open og i kafeen vert det servert kaffe, te og kaker. Det er gratis inngang og alle er velkomne. Ta gjerne med handarbeid.

Håpar mange av dykk har høve til å møte !
Med venleg helsing
Sogn Bunadnettverk
v/Siri

mandag 21. mars 2011

lørdag 12. mars 2011

Husk dugnaden tysdag 15.mars frå klokka 18.00

MagFly har stendig gode spøteidear - denne gongen inkludert dei gode råda og oppskrifta for første strikkeprosjekt - pulsvarmarar.

Ålesund og omegn Quiltelag arrangerer Vestlandstreff 2011 til hausten - påmeldingsfrist 4.mai.

BenteO har planar om å saume på måndagen.

tirsdag 8. mars 2011

Melding frå Siri i Sogn Bunadnettverk - om seminaret på museet!

Siri Benjaminsen - Sogn Bunadnettverk minner oss om arrangementet 16.-17. mars på museet på Kaupanger -
De heibergske Samlinger Her er programsidene :
Seminar om folkemedisin, magi og klarsyn.

På torsdagen fortel Siri, denne gongen med tittelen kulturarv-idealist, - om Huldreduken i Ve.
"Segna, duken og rekonstruksjonsarbeidet."

Her er artikkelen på Porten då Siri vitja Dialekt- og stadnamnkafeen i Ungdomshuset i Øvre med huldreduken!
og her er litt meir om duken frå Nrk sfj sitt fylkesleksikon

utsett påmeldingsfrist til i morgon 9.3.:

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum,
Vestreim,
6854 Kaupanger
Telefon: 57 67 82 06
Telefaks: 57 67 85 11
sogn.folkemuseum@dhs.museum.no

søndag 6. mars 2011

Dugnad i Eldhuset tysdag 15.mars!

Styret kallar inn til vaskedugnad og organisering av trivelege arbeidsplassar og koseleg møtekrok.
Utfordring har gått ut til alle medlemmene med ynskje om at mange kan nytte eit par timar på å gjere Eldhuset klart til nye arbeidsdagar og -kveldar.

Eldhuset er ope frå 18.00!

Søndagsskule med Jorunn 3.april

påmelding til Inga 40225540 innan 28 mars.

Kjem attende med meir info!