Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

torsdag 22. september 2011

Haustmarknad i Eldhuset

Eldhuset har vore ei kjærkomen varmestove med sal av vafler og kaffi under Haustmarknaden,
slik vert det også i år.
Naturlegvis laget har mange fine husflidsprodukt for sal.
Dessutan er det eit fint høve til å stikke innom for å høyre kva som skjer utover hausten.

Jerikobui held som tidlegare også til i Eldhuset på Haustmarknaden med sal av palestinske varer.

tirsdag 20. september 2011

Amanda- prosjektet



Ei utfordring går vidare til strikkarane i laget - kan det vere aktuelt å delta i Amandaprosjektet?
Med litt restegarn kan laget eller enkeltpersonar vere med og lage bittesmå klesplagg til premature babyar.
Til desse sokkane trengst det 10 gram Merinoull, Angoraull eller Silkeull og pinnar nr.3,
elles trengst det også huer og andre småplagg til dei altfor tidleg fødde babyane.
Strikkar ein eit teppe som er som eit A3 ark (29,7 × 42 cm) er det stort nok, - her er kontaktinformasjonen for Amanda-prosjektet.

Her er Nøstebarn sin blogg - Nøstebloggen - med omtale av prosjektet og oppskrifter - det er også oppskrifter her på nøstebarn.no.

søndag 18. september 2011

Søndagsskule i september


Eit kurs i å sy "flygande gjess" i færre og enklare operasjonar
- og utan svinn var skuletilbodet.
Dessutan bruk av "flygande gjess" til åttebladroser
til alt frå gryteklutar, via løpar, duk til dobbelt sengeteppe.

For å la alle prøve ut teknikken utan å skjere i sine eigne stoff,
hadde søndagsskulelæraren skore opp alle bitane til blokkene til eit teppe til "Teppe som gleder"- aksjonen til Arna og Bergen Quiltelag.
Hadde også laga eksempel på dei ulike sy-, klippe- og strykeoperasjonane
- slik at elevane kunne sjekke neste trinn der også.
12 blokker ferdigsydd -
3 blokker gjenstår fordi nokre elevar hadde "gyldig fråver" og får høve til å prøve seg.
Dersom det er ynskjeleg, 
kjem søndagsskulelæraren til å bruke denne kvilten til å vise korleis ein kan kvilte eit teppe i tre delar.  

Sissel K. hadde laga nydeleg gryte med salat og ris -
og vi hadde kake til kaffien også.

Retteleg så eit velsigna greitt søndagsskulemøte!




tirsdag 13. september 2011

Arbeidsplan hausten 2011

15. september Glasing med Gerd Skalle - inga påmelding - Møt opp!
18. september Søndagsskule med Bente Opsvik - Flygande gjess og åttebladrose - lappeteknikk
                       Høve til å kjøpe materiale. Påmelding Sissel Klunderud 40293079. 11-16. Servering.

24.-25. september - Haustmarknad  - Ope hus med sal av husflidsprodukt og kaffi/vafler

6. november  Søndagsskule med Monica Hunderi - Hardangersaum
                       Høve til å kjøpe materiale. Påmelding Sissel Klunderud 40293079. Servering.

10. november  Minikurs med Jorunn Hatlevoll frå klokka 18 - Lappeteknikk
                       Ta med halvferdige produkt og få hjelp.

26.- 27. november og 3 desember.
                      Julemesse i Kulturhuset

                      Styret oppfordrar medlemmene til å kome med
                      husflidsprodukt, kaker og anna mat dei vil selje.
                      Bruk fantasien.
                      Ta kontakt med
                      Karin H. Hamre 95479779 og Anne Kari Hagen 91584393
                      for meir info og påmelding.

8. desember   Juleavslutning med gløgg og julegodt.

Informasjon om julelotteriet kjem i eige skriv.

Elles Eldhuset er ope enkelte måndagar - sykveld/lappesaum
og torsdagar ulike aktivitetar og arbeidskveldar  frå klokka 18

fredag 9. september 2011

Haustnytt

Medlemsskriv er på veg ut til medlemmene som fortel kva som skal skje på Eldhuset i haust.

Septemberhendingar:

Veke 37
Lappesaumarkveld 12.september frå 18.00 - etter at stemme er avlevert i det rette stemmelokalet.
Arbeidskveld 15.september frå 18.00
Søndagsskule 18.september frå 11.00 - 15/16.00 Påmelding til Sissel K. kr 100,- inkludert lunsj
  Saum av "flygande gjess" som kan kobinerast i det uendelege som tildømes åttebladroser.
  Det vert høve til å kjøpe materiale, - t.d. nydelege adventsstoff og ulike einsfarga og mønstra stoff.
  Ta gjerne med stoff du har frå før - julestoff - hauststoff - restar av kjøkkengardinene osv

Veke 38
Lappesaumarkveld 19.september frå 18.00
Arbeidskveld 22.september frå 18.00
Haustmarknad ope laurdag 24. og søndag 25.september, sal av vafler&kaffi.

Om du ikkje er medlem - er vi glade for å få potensielle medlemmer på besøk!

Det vert fleire torsdagar med eigne tema
og fleire søndagsskular - meir info kjem etterkvart som det er klart.