Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

mandag 24. september 2012

Hardt arbeid er på gang til julelotteriet!

 
Inntektene til husflidslaget,
er i all hovedsak frå dei to lotteria knytt til Lærdalsmarknaden og til Julemessa.
Planarbeidet er sett i gang, -
har du gevinstar du ynskjer å gje eller vil du ta del i arbeidet med å lage fleire gevinstar,
er det berre å ta kontakt i Eldhuset under Haustmarknaden eller direkte til lotterinemnda.   

lørdag 15. september 2012

Ivana-dukkene frå Lærdal
















Vi er i gang med å ta bilete av Ivana-dukkene vi laga på kurs med Ivana i vår.
Først ute på fotosession på torsdagen var Jorunn og Bente sine dukker.
Vi veit at det er fleire som er ferdige -
så det vert nok meir bilete etter kvart.
 
Det er 4 som har meldt seg til å vere med på å saume lappeteppe til utlodninga på Julemessa.
Medlemmer og andre i Lærdal -
gjer vel og meld deg
Er vi mange
vert det berre litt på kvar!
 


onsdag 12. september 2012

Aktivitetsplan hausten 2012


Styret ynskjer vel møtt til ein hyggeleg husflidshaust.

11. oktober kl. 18.00-21.00 Sying med dongeri
  • Jorunn Hatlevoll rettleiar i å lage teppe/pute/veske
  • Ta med kle/stoff av dongeri, det du har.
  • Noko anna stoff som høver til applikasjon, dersom du vil ha det.

18.november kl 10-17.00  Søndagsskule med toving.
  • Anna Margrethe Tråve viser korleis tove sitjeunderlag, gryteklutar og pulsvarmarar.
  • Ull vert å få kjøpt
  • Mat
  • Påmelding til Sissel Klunderud tlf 40293079                                            
6.desember kl 18.-20.00 Glasing av englar i kunstglas
  • Gerd Skalle viser teknikken

Vevinga held til i Montørstasjonen - ta kontakt med Torbjørg Takle tlf 57666372

Julemesse 1.-2.desember i Lærdal kulturhus og julegateopning
  • Nærare informasjon kjem
  • Julelotteri
Juleavslutning 13.desember  enkel servering og hygeleg prat.