Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

fredag 18. januar 2013

Lærdalsvotten frå 1787 med flossakant

Førstkomande onsdag 23.januar, endå ein god grunn til å ta ein Sogndalstur - eller ein kveldstur på Kaupangerskogen!

Flossakant på vottar og huer

Flossakant på vottar og huer

Flossakant, nappakant, tafs, befs – kva i all verda er det?

Svaret får du om du kjem på museet onsdagskvelden, 23. januar.
Der er det handarbeidskafé, og temaet er nettopp flossakant – også kalla nappakant, tafs eller befs.
Vi finn flossakant på mange eldre handarbeid som til dømes vottar, handlin og huver,
og i samarbeid med Sogn Bunadnettverk vil museet denne kvelden
invitera alle til å læra meir om nettopp flossakanten.

På biletet ser vi ei tradisjonell blåhuve,
eit svært vanleg hovudplagg for karane her i Sogn i gamle dagar.
Flossakanten er ikkje berre dekorativ, men gjorde nok også huva varmare.

Det same ser vi av vottane på biletet.
Dette er den såkalla Lærdalsvotten frå 1787, som no er i samlingane til Nordiska Museet i Stockholm.
Dette er den eldste norske votten i tvibandstrikk,
med vakkert farga broderi på handflata og flossa «krage» med rutemønster.

På handarbeidskafeen onsdag vil Bjørg Hovland gje ei kort innføring om flossakanten
og syna nokre døme på korleis han er brukt på plagg i museumssamlingane.
Er det kanskje nokon som har gamle plagg med flossakant heime?
I så fall oppmodar vi alle om å ta dei med på handarbeidskafeen, slik at fleire får sjå dei.

Men onsdagskvelden skal vi ikkje berre sjå og høyra.
Alle interesserte får òg høve til å læra seg teknikken med å laga flossakant.
Ta då med ein tett, glattstrikka prøvelapp på ca. 5x10 cm,
strikkepinne i storleik ca. 5, to fargar med ullgarn og nål til ulltråden, så får du prøva sjølv.

Det vert elles utlodding, open museumsbutikk og servering av kaffi, te og kaker i kafeen.
Det er gratis inngang, og alle er velkomne!

torsdag 17. januar 2013

Årsmøte tysdag 5.februar kl 18.00 på Kvammes kafe

Vanlege årsmøtesaker og innkomne saker.
Val av styre, arbeids- og ansvarsgrupper.
Arbeids- og aktivitetsplan.

Styret oppfordrar medlemmane til å kome med ønskje om aktivitetar for 2013.
Innkomne saker må vere styret i hende innan 28.januar 2013.

Servering og utlodding - ta med gevinst til utloddinga.

Vel møtt til årsmøte!

torsdag 10. januar 2013

Aktivitetskalendaren til Aurland husflidslag

Det er fleire frå Lærdal husflidslag som har meldt seg på kurset til Eke komande tysdag,
her er lista over alle planlagde aktivitetane til aurlendingane i vår:

 

15.og 22 jan  Smykkekurs Lærar Eke Krug
    kl.19.30      Påmelding innan 13 januar til Eldrid K Grønsberg 91 32 51 65.
                    
Om det ikkje passar begge kveldane, kan du vere med ein av kveldane.
                        Kr
300,- for 2 kveldar, 200,- for ein kveld.

                 
     
19 januar       Studiering i Keramikk/raku Anne-Line Nesse Johnsen
                       
Lager Rakuovn og brenner keramikk.

25-26.jan       Pilflettinggskurs Lærar Drude Isene.
                       
Påmelding innan 17 jan til Eldrid 91325165 eller e-post:
olgro2@online.no
                       
Max 8 pers  Kr 1000,- + materialkostnader ca 200,-


30.jan            Kurs i Bunadslenke og vikingsmykker onsdagar frå  kl.18-20.30
                       
Påmelding til Eldrid 91325165 eller Irene 48137039 innan 20 januar
                        Deltakarar frå 7.klasse og oppover

 31.jan            Strikkekafe på Huldra Husflid i Flåm, kl.18.30

Jan/Feb          Oppstart studiering i Bunadsskjortesaum.
                       
Interesserte, ta kontakt med May Sigrun Winjum 46899331

Jan/Feb          Oppstart studiering med lærar i Veving, Randi Veum og Solveig Lie
                        Interesserte, 
ta kontakt med Randi Veum 99558675


12.feb             Årsmøte i Hopastova kl 19.30
28.februar     Strikkekafe på Huldra husflid i Flåm, kl.18.30
 
Helg i februar/mars 
                        Maskinstrikkingskurs Lærar Greta Lie. For nybyrjarar + litt øvde.
                       
Intresserte, ta kontakt med Eldrid 91325165  innan 25 januar

1-3 mars         Sveipekurs Huldra Husflid i Flåm. Lærar Per Lie
                         Påmelding til Cecilie Bugge 97017672  eller  Eldrid K Grønsberg 91325165
                      ol-gro2@online.no  Max 8, ved stor interesse vert medlemmene prioriterte

5.mars             Nålefilting av påsketing med Sonata i Hopastova kl 19.00. Kr 50 pr deltakar

12.mars           Omvisning og ser glasblåsing på verkstaden til Merete Rein.
                         
Servering av kaffe/te med noko attåt.

                         
Kjem du, ta kontakt med Eldrid 91325165, slik at dei veit  kor mange som kjem.


Håpar på å få til aktivitet i "Snikkerboden" til hausten att.
Hår du forslag til aktivitetar, er vi veldig glad for å få melding om det. Ta kontakt med styret: Irene Stegen, Grethe Vikesland, Edith Høyseth, Ellen J. Skjerdal eller Eldrid K. Grønsberg. 

onsdag 2. januar 2013

Spennande kurs i Aurland i januar

Godt nytt husflidsår!

Vi er velkomne til smykkekurs og pilflettingskurs hjå Aurland husflidslag i januar!

Smykkekurs i Hopastova med Eke Klug


Tirsdag 15.jan og 22.jan kl 19.30
Eke lærer oss å lage smykker med teknikkar og materialer ho bruker når ho lagar smykker.

Medlemmer og ikkje-medlemmer er hjarteleg velkomne
 
Dersom du ikkje kan møte begge kveldar får ein tid til å lage eit smykke på ein kveld også.Kr 300 for 2 kveldar og kr 200 for ein kveld. Påmelding innan 13.januar for at Eke skal vite kva ho treng ha med seg av materiale. Påmelding til Eldrid 91325165 eller ol-gro2@online.no 
Gjer deg opp tankar om kva fargar du vil ha på smykket
Ta med:
Ei lys gamal T-skjorte som kan klyppast og målast på
Ei god saks
Bilde frå eit ukeblad eller fotobilde som kan klyppast i
 
 
Pilflettingskurs i Hopastova med Drude Isene


Fredagskveld 25. og heile laurdagen 26.januar.
Pris:1000,- + materialkostnadar ca 200,- Vi lærer grunnleggande teknikkar i pilfletting, husflidslaget fortel at Drude Isene er veldig dyktig i pilfletting, så ikkje la sjansen gå frå deg!

For meir info om pilfletting
sjå denne verdsvevsida:
Søreskogen

Påmelding max 8 deltakarar
Påmeldingsfrist 17.januar til Eldrid  91 32 51 65 eller ol-gro2@online.no