Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

fredag 18. januar 2013

Lærdalsvotten frå 1787 med flossakant

Førstkomande onsdag 23.januar, endå ein god grunn til å ta ein Sogndalstur - eller ein kveldstur på Kaupangerskogen!

Flossakant på vottar og huer

Flossakant på vottar og huer

Flossakant, nappakant, tafs, befs – kva i all verda er det?

Svaret får du om du kjem på museet onsdagskvelden, 23. januar.
Der er det handarbeidskafé, og temaet er nettopp flossakant – også kalla nappakant, tafs eller befs.
Vi finn flossakant på mange eldre handarbeid som til dømes vottar, handlin og huver,
og i samarbeid med Sogn Bunadnettverk vil museet denne kvelden
invitera alle til å læra meir om nettopp flossakanten.

På biletet ser vi ei tradisjonell blåhuve,
eit svært vanleg hovudplagg for karane her i Sogn i gamle dagar.
Flossakanten er ikkje berre dekorativ, men gjorde nok også huva varmare.

Det same ser vi av vottane på biletet.
Dette er den såkalla Lærdalsvotten frå 1787, som no er i samlingane til Nordiska Museet i Stockholm.
Dette er den eldste norske votten i tvibandstrikk,
med vakkert farga broderi på handflata og flossa «krage» med rutemønster.

På handarbeidskafeen onsdag vil Bjørg Hovland gje ei kort innføring om flossakanten
og syna nokre døme på korleis han er brukt på plagg i museumssamlingane.
Er det kanskje nokon som har gamle plagg med flossakant heime?
I så fall oppmodar vi alle om å ta dei med på handarbeidskafeen, slik at fleire får sjå dei.

Men onsdagskvelden skal vi ikkje berre sjå og høyra.
Alle interesserte får òg høve til å læra seg teknikken med å laga flossakant.
Ta då med ein tett, glattstrikka prøvelapp på ca. 5x10 cm,
strikkepinne i storleik ca. 5, to fargar med ullgarn og nål til ulltråden, så får du prøva sjølv.

Det vert elles utlodding, open museumsbutikk og servering av kaffi, te og kaker i kafeen.
Det er gratis inngang, og alle er velkomne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar